Måltaking hund

Her er ei oversikt om korleis du tek mål av hunden din

 

Mål av halsomkrets:

Du treng eit mjukt måleband for å ta mål av hunden, dersom du ikkje har det kan du bruke hyssing eller ein tråd, som du måler etterpå.

  1. Ta mål av halsen der halsbandet til hunden skal ligge.
  2. Målebandet skal ligge tett inntil huden, men skal ikkje vere stramt. Legg to fingre innanfor målebandet for å ha passelig mykje bevegelsesrom.
  3. Skriv ned målet og legg det inn i boksen som heiter halsomkrets.

 

Mål av hovudomkrets:

Dersom du skal ha halvstrup halsband har ikkje desse ei spenne, eller ein del som kan opnast. Derfor er det viktig å ta mål av den største omkretsen av hovudet på hunden, for å passe på at halsbandet går over hovudet.

 

  1. Finn det breiaste punktet på hovudet til hunden. 
  2. Ta målebandet og mål rundt, det er viktig å ikkje måle for stramt, slik at halsbandet ikkje passer over hovudet. 
  3. Tenk over øyra til hunden og vurder om halsbandet vil gli fint både på og av hunden, då det ofte er strammare å få det av enn på, fordi øyra legg seg annleis.
  4. Legg målet inn i boksen for hodeomkrets.

 

Kva du ikkje må gjere:

Ta mål av eit halsband du allereie har, og spesielt når det ligg flatt på ei overflate. Den indre omkretsen av eit halsband kan endre seg når bandet er bøygd, og det er derfor viktig at du tar mål av hunden din for at måla skal bli heilt riktige, og at halsbandet vi lager skal passe.