Om oss

Det er eg, Ingrid, som driv bedrifta, og eg oppretta Skikkeleg Heimelaga hausten 2023. Eg fekk min første hund i januar 2021, Bonzo, han er ein fin blandingshund. Etterkvart som tida gjekk, syns eg dei standard type halsbanda som er å få i butikken blei litt kjedelege, og alle var svært like. Og når eg lærte å flette paracordhalsband av ei venninne, opna det seg ei heilt ny verd av mønster og fargar. Etter ei stund begynte eg også å lage halsband i skinn. Desse syns eg er fantastisk flotte, og derfor er det kjekt å kunne tilby halsbanda og leietaua til fleire som og set pris på skikkeleg heimelaga handverk.