Materiale
Vi brukar ulike produkt i produksjonen av hundeutstyr, men fellesnemnaren for dei alle er at dei er stabile og langvarige produkt som ikkje skaper ubehag for hundane.
Paracord
Paracord blei originalt brukt som fallskjermsnor og kvar tråd har derfor ein stor bruddstyrke på 250 kg. Paracorden er mjuk og fleksibel, noko som gir eit behageleg halsband for hundane å ha på seg.
Biothane
Biothane er eit produkt som kan likne på skinn. Det er ein polyesterband som er belagt med TPU eller PVC. Dette gjer biothanen svært slitesterk, vassavstøtande og lett å reingjere.
Skinn
Skinn er eit naturleg biprodukt av kjøttproduksjon. Det blir brukt to typar skinn i halsbanda våre, eit tynnare skinn (nappa lær) og eit tjukkare skinn (feitlær). Feitlæret har ein høg vassmotstand, men fargane kan endre seg litt i kontakt med vatn. Nappalæret er tynt og blir brukt som foring i halsbanda.