Salsvilkår
Salsvilkår
Desse angitte vilkåra regulerer kundens bruk av varer og tenester levert av seljar. Desse vilkåra gjeld for alle sal frå seljar så lenge ikkje noko anna er skriftleg avtalt partane i mellom.
Seljar:
Firmanavn: INGRID FITJE APNESETH
Kontaktadresse: Torleifvegen 4, 6416 Molde
E-post: kontakt@skikkelegheimelaga.no
Telefonnummer: 476 63 493
Organisasjonsnummer: 932 138 476
Kjøpar; den person som foretar bestillinga.
Prisar og betaling
Prisane er oppgitt i norske kroner og inkluderer 25% MVA, dersom ikkje anna er angitt. Seljar reserverer seg for eventuelle feil som kan oppstå på grunn av tekniske feil.
Kjøp betalast med Stripe, PayPal eller Vipps. Varer blir ikkje produsert før betalinga er registrert.
Frakt og levering
Alle pakkar blir sendt med Posten/Bring. Vi sender pakkar i postkassen med sporing til ein fast pris 79.
Dersom du kjøper over 2 halsband og leietau, er det anbefalt å velge pakke levert til hentested, dette for at halsbanda skal pakkast på ein forsvarleg måte saman. Prisen på ein slik forsendelse er 140 kr.
Levering
Levering har skjedd når kjøparen eller vedkommande sin representant, har overtatt vara. Det er kjøpar sitt ansvar å sørge for at den adressa som blir oppgitt ved bestillingen er korrekt.
Varer på bestiling skal leverast seinast 6 veker etter at bestillinga er lagt inn. Ferdigproduserte varer skal sendast til kunden innan 2 virkedagar. Etter at leveringa er sendt er leveringstida normalt 1-4 virkedagar. Kunde vil få beskjed når varene er sendt eller når endring i ordrestatus foretas.
Vi sender ut informasjon ved forsendelse av vara, der vi angjer sporingsnummer slik at kunden kan følge vara. For sporing av pakkar, bruk Postens nettside eller Postens app.
Angrerett og retur
Då alle produkt frå Skikkeleg Heimelaga blir laga på bestilling er det ingen returrett på varene, med mindre det er feil på produkta. Du må derfor sørge for at all info om mål på hunden stemmer.
Viss feilen oppstod før forsendelse frå oss, tar vi imot retur.
Dersom du har spørsmål om retur ta kontakt på: kontakt@skikkelegheimelaga.no, så vurderer vi om vara kan returnerast, og du vil få info om korleis vara skal returnerast.
Skader på vara
Dersom vara blir skada ved levering skal dette snarast meldast til selgar og helst på ankomstdagen via epost. Det er viktig at du gjer ei fullstendig melding til oss på eventuelle skader som er oppstått. Ser du at emballasjen er skada ved leveringstidspunktet så skal du også melde dette direkte til den som du kvitterer ut pakken av (postkontor, post i butikk etc).
Refusjon
Dersom det er feil på vara og det er godkjent retur, kan du få refundert beløpet du betalte for vara, eller du kan få ei tilsvarande ny vare.
Kansellere eller endre bestillinga di
Om du ynskjer å kansellere bestillinga di, må du ta kontakt så fort som mogeleg. Dersom bestillinga allereie er begynt på kan den dessverre ikkje endrast eller kansellerast.
Endring i vilkår
Seljar har rett til å endre noverande vilkår, som følge av endringar i lovgjevinga.
Teieplikt
Alle kundeopplysningar handterast med stor diskresjon og kjem under ingen omstender til å spres vidare til utenforståande.