Retningslinjer for angrerett
Angrerett og retur
Då alle produkt frå Skikkeleg Heimelaga blir laga på bestilling er det ingen returrett på varene, med mindre det er feil på produkta. Du må derfor sørge for at all info om mål på hunden stemmer.
Viss feilen oppstod før forsendelse frå oss, tar vi imot retur.
Dersom du har spørsmål om retur ta kontakt på: kontakt@skikkelegheimelaga.no, så vurderer vi om vara kan returnerast, og du vil få info om korleis vara skal returnerast.
Skader på vara
Dersom vara blir skada ved levering skal dette snarast meldast til selgar og helst på ankomstdagen via epost. Det er viktig at du gjer ei fullstendig melding til oss på eventuelle skader som er oppstått. Ser du at emballasjen er skada ved leveringstidspunktet så skal du også melde dette direkte til den som du kvitterer ut pakken av (postkontor, post i butikk etc).
Refusjon
Dersom det er feil på vara og det er godkjent retur, kan du få refundert beløpet du betalte for vara, eller du kan få ei tilsvarande ny vare.
Kansellere eller endre bestillinga di
Om du ynskjer å kansellere bestillinga di, må du ta kontakt så fort som mogeleg. Dersom bestillinga allereie er begynt på kan den dessverre ikkje endrast eller kansellerast.