Våre maskottar
Bonzo
Bonzo er født i 2020, men har ikkje skjønt at han er voksen endå. Han er ein blandingshund mellom beagle og boston terrier. Det verste han veit er regn og spesielt våte flekkar på asfalten, men elsker å bruke nasen sin. På trening tar Bonzo oftast rolla som klassens klovn, og blir kjempeglad for merksemda han får for det.
Canto
Canto er ein glad og leiken Rhodesian Ridgeback. Født seint i 2022 med sterke meinger, stor glede i søksarbeid, og enda meir glede når alle rundt fortel kor flink han er. Han liker godt å vise seg fram.
Crazy
Crazy er ei miljøsterk Malinois-tispe født i 2013. Ho har med stort engasjement blitt med på alt mammaen har foreslått og ho er trent i bruks (spor, rundering, feltsøk), redning, lydighet, rallylydighet og nosework. For tida leiker vi oss mest med nosework i tillegg til å utforske verden på «go-sniff-crap» turer. Den ultimate arbeidshunden som alltid yt 100% på trening og er kosegris hjemme. Ho er nøytral overfor fremmede, men ho elsker ein drakamp med figurantane sine. Ho er lillesøster til Easy og dei lev saman som bestevener.
Easy
Easy er ei Malinois-tispe født i 2011. Ho har tidlegare trent bruks (spor, rundering, feltsøk), redning, lydighet og nosework, men no er ho pensjonist og liker aller best å gå turar med pappaen sin. Ho er ei snill og trygg jente som har vært enkel å trene og ei glede å leve samman med. Ho har fått vere med på å oppdra kvalpar og ho er ikkje redd for å bruke heile spekteret i både kroppspråk og stemme. Ho er storesøster til Crazy og dei lever saman som bestevener.
Mia
Eg heiter Mia og eg bur hos Kaja og Simon. Eg trur at eg er det andre menneskebarnet i familien. Eg er ein god blandingsrase, halvt chihuahua, men litt langhåra kinesisk nakenhund, bichon havanais, og Yorkshire terrier. Eg er født i 2019 og kjem frå Bergen, men eg bjeffar på frening. Det har eg lært av min mor. Eg elskar godis og kos. Tyggebein og gulrot er den beste nammenusken. Det beste eg veit er å være på båtturer og være på hytta. Då er livet best!
Molli
Molli er ei border collie tispe som er født i 2016. Ho elsker lange turar, og om ho finn ein sølepytt på vegen, skal den definitivt hoppast i! Ein av favoritt aktivitetane er å hente pinnar, og då er det veldig urettferdig om den pinnen ikkje blir kasta mange gonger.
Oskar
Oskar er født i oktober 2017, og er blanding mellom toller og irsk setter. Han er glad i fjelltur, skitur, sykkeltur og det meste som inneheld litt fart. Til vanleg er han ein gladgutt som må sjekke om nokon har ein ball, eller ein godbit og tilby han.
Pongo
For Pongo gjev alt med fart meining i livet! Han eig ikkje ei bekymring, men enormt med humor og ablegøyer. Pongo er ein Whippet født i 2021 og tenkjer alle han møter er ein potensiell ny besteven.
Sylja
Sylja er ei schæfer tispe fødd i 2019. Favorittaktivitetane hennar er å stupe kråke på plenen og å plaska i bekkar. Ho er ganske god på blodspor, nosework og rallylydigheit, og tykkjer det er kjekt å reisa rundt på stevner. Ho meiner sjølv at ho er dronninga i byen, og ho kan godt begynna å prata eller kjefta litt viss det er noko ho er ueinig i.
Vinci
Vinci er født i 2022, og har sidan han opna auga sett mogelegheiter for leik og morro. Han er ein livsnytar, som meiner at alt kan gjerast med entusiasme og iver. Sett bort i frå å ete. Kven har vel tid til det, når det finnast så mykje anna ein kan gjere?