Skikkeleg Heimelaga
Ari
Ari
Totalt for tillegsprodukt:
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Dette er eit halsband fletta i paracord, halsbandet er fletta etter mønsteret Fan-tastic. Det er mogeleg å få med 2 rader, 3 rader eller 4 rader.
Halsbandet er mogeleg å bestille med justerbar lukking, med klips eller med halvstrup.
På halvstrup kan man velge om ein vil ha kjetting, eller biothane.
På justerbar lukking blir den justerbare delen laga i biothane.
Når du legg inn fargar vil F1 vere fargen som ligger på sida av halsbandet. Deretter blir F2, første til venstre, og slik går fargane bortover mot høgre.
Vekt: 3 rader justerbart med lengde 44-53 cm: 160 gram.
4 rader justerbart med lengde 37-43 cm : 164 gram.
Mål: Tjukkelse er ca 1,5 cm.
Bredde 2 rader: ca 2,5 cm. 3 rader: ca 3,5 cm. 4 rader: ca 4 cm.
Mål kan variere litt utifrå om ein flettar veldig stramt eller litt lausare, om ein fletter stramt blir halsbandet hardare, smalare og tjukkare, medan om ein flettar lausare blir det breiare, litt mjukare og tynnare. Dersom du har eit spesifikt ønske, gjerne skriv det i kommentarfeltet.
Bruddstyrke:
Kjettinghalvstrup har ein bruddstyrke på 140 kg, det leverast i forkrommet stål.
D ringar som brukast både i halvstrup og klips halsband har ein bruddstyrke på 200 kg. Leverast i rustfritt stål.
O ringar som brukast i halvstrup halsband har ein bruddstyrke på 150 kg. Leverast i rustfritt stål.
Spennene som brukast i klips halsband er som standard metallspenner, dersom du heller ønsker plast spenne, gje beskjed i kommentarfeltet.
Del
