Skikkeleg Heimelaga
Bonzo
Bonzo
Totalt for tillegsprodukt:
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Dette er eit skinnhalsband, som er laga av to lag skinn. Eit tynt mjukt skinn som blir brukt som foring inn mot halsen til hunden, og eit tjukkare lær på toppen. Foret stikker litt utanfor det øverste lær laget slik at begge fargane er synlege.
Det blir laga hol i topplaget til skinnet og det blir fletta med tre paracordtrådar, her blir det brukt mindre trådar som lager eit bua mønster. Laga med skinn blir så sydd saman med ein sterk tråd i valgfri farge.
Det er for øyeblikket mogeleg å bestille i to bredder: 3 cm og 3,5 cm. Dersom du vil ha ei anna bredde, ta kontakt så skal vi sjå kva vi kan ordne.
Vi tilbyr halvstrup og justerbar lukking på desse halsbanda.
Vekt blir her oppgitt i nokre eksempel, då vekta vil variere utifrå kor langt halsbandet er.
Vekt:
Justerbart halsband 3,5 cm, 46-52 cm : 161 g
Justerbart halsband 3 cm, 35-41 cm : 118 g
Ved halvstrup blir det brukt D ringar og ein O ring i rustfritt stål,
3 cm: D ringane har ein bruddstyrke på 200 kg og O ringen har bruddstyrke på 150 kg
3,5 cm: D ringane har ein bruddstyrke på 250 kg og O ringen på 150 kg.
Ved justerbart halsband har spenna ein bruddstyrke på 500 kg, og D ringen er samme bruddstyrke som over.
Del
